Kva kan me tilby?

I naturskjønne omgjevnader 10 km frå Sogndal held 2a-heimen as til på ein gard med mange ulike dyr og store aktivitetsmoglegheiter.

Her tilbyr vi plasseringar i bufelleskap eller skjerma bustad etter lov om kommunale helse og omsorgstenester. Dette er døgnbemanna omsorgsbustader for:

  • Barn og unge i barnevernet med store utfordringar
  • Barn og unge som av andre grunnar har behov for dette (psykiatri, rus, psykisk utviklingshemming)
  • Unge/vaksne som slit med psykiske lidingar, rus og psykisk utviklingshemming.

Det kan vere ein varig omsorgsbustad

eller

det kan vere ein ettervernsperiode/rehabilitering etter innlegging på behandlingsinstitusjon (psykiatri/rus), fengsel eller ungdomsinstitusjon/fosterheim. Der målet er å få brukarane rusta til å kome seg ut i samfunnet og at dei fungerer i samfunnet.

  • Me har godt samarbeid med skulane, ungdomsskule, rådgjevar og oppfølgingstenesta på VGS.
  • Me har erfaring med altervativ læringsarena på garden, der dei kan få moglegheit til alternativ skule. Ein god kombinasjon av både teori og praksis på garden.
  • Me har arbeidstrening på garden, tilrettelagt av vaktmeistar og personalet.
  • Me har godt samarbeid med NAV der arbeidstrening utanfor garden er mogleg nå brukar er klar for det.
  • Me har eit godt samarbeid med BUP og vaksen psykiatri.
  • Skulane, NAV kontor og psykiatrisk poliklinikk ligg alle i Sogndal.

Våre medarbeidarar har lang og allsidig erfaring innan arbeid med menneske, både fagleg og erfaringsbasert.

Me har fokus på dyreassistert miljøterapi i vårt terapeutiske arbeid, men også generell miljøterapi/miljøarbeid. Våre mål er å skapa tillit, endring, meistring og ein god kvardag.

Problematikkar innan adferd og sosiale ferdigheiter er bl. anna noko vi har jobba mykje med. Me vil redusera omfanget av brukarane sine problem og antisosiale adferd, og bidra til å utvikle ressursar og sosiale ferdigheiter.

For dei som nyttar seg av arbeidstreninga på garden er det store moglegheiter. I utgangspunktet veit ein aldri kven som  klarar, men alle skal få prøver!!

For dei som ikkje er i stand til stor progresjon gjennom arbeidstrening er likevel arbeid og moglegheitene på garden viktige for å gjera kvardagen deira innhaldsrik. Opplevingane av å t. d omgås dyr, » å vera bruk for» og meistre er viktige faktorar for ein god kvardag.

Sjå våre moglegheiter og mål  med arbeidstrening under fane for » bu- og arbeidstrening»

Sjå våre moglegheiter for andre hjelpetiltak under fane for «Avlastning, akuttplassering/korttidsopphald»