Avlastning, akuttplassering/korttidsopphald

Avlastning og midlertidig heim for born og ungdom

• Med beredskap 24 timar i døgnet hjelper vi deg

• For fosterbarn og fosterforeldre eller barn og biologiske foreldre som treng pause eller opphald frå kvarandre ei tid

• Midlertidige omsorgstilbud for barn i alderen 10-18 år i akuttsituasjoner, i påvente av at barnets omsorgssituasjon blir avklart

• Vi kan vere med å definere vanskane, følje opp familiane (fosterfamilie/biologisk familie) etter tilbakeføring med mål om stabilitet og varig plassering.

• Om det viser seg at utilsikta flytting eller omsorgsovertakelse er uunngåeleg kan vi vere behjelpelege med å tenke nytt  tiltak i samarbeid med kommunane.

• Vi kan vere delaktige i flytting til nytt tiltak, kommunale eller private, og tilby den nye omsorgsbasen rettleiing om ynskjeleg.

• Alle born har rett og plikt til skulegang. 2a-heimen as har fokus på dette.

• Vi kan tilby skule på alternativ læringsarena i tida borna er på 2a-heimen i Hollekve. Dette for at dei ikkje skal gå glipp av skulegangen i løpet av opphaldet og at dei slepp å forholde seg til ein ny skule. Her vil me ha tilgang på lærar når behovet er der, og med eit godt samarbeid med skulen barnet/ungdommen høyrer til vil dei kunne følgje pensum og læreplan som er planlagt.

• Vi kan og bidra med tilrettelegging og oppfølging inn mot ordinær skule, om dette er ynskjeleg.

Avlastning:

  • Vi kan ta imot barn og unge på avlastning ,i  helgar, på ettermiddagar og i feriar.