Bu- og arbeidstrening

  Heildøgnsomsorg og arbeidstrening på 2a-heimen er i skjerma omgivnader for ungdom/vaksne med behov for strukturerte tiltak, tilrettelegging og trening i oppmøte, arbeid og meistring.

Arbeidstrening med målsetting om vidare utdanning, lærekandidat plass eller søkje seg ordinært arbeid.

Me lagar t.d ”bedrift”: Arrangerer og driftar ulike aktivitetar ilag med brukararne som kanefart (turar med hest og slede),  med middag og kos i lavvo.

Praktisk arbeid kan knyttast opp til kompetansemål i læreplan for t.d norsk og matematikk vidaregåande skule.

Varierte arbeidsoppgåver der ein oppnår positive effektar av å jobbe med dyr, natur og kroppsarbeid.

2a-heimen er ein romsleg og tolerant arbeidsplass som gir ro og trygge råmer over tid.

 

Målsetting for tiltaket:

  • Målet for opphaldet på garden er å bevisstgjere eige potensiale, øve opp sosiale ferdigheitar, få stabilt oppmøte, oppleve meistring og auka sjølvtillit.
  • Få brukaren til å bli motiverte og skikka til vidare skulegang og/ eller klare for å kunna ta i mot ein lærekandidat plass eller søkje seg ordinær jobb etterkvart.
  • Få brukaren i stand til å ta ansvar for at han/ho utøver god adferd, har gode sosiale ferdigheiter, har gode ADL ferdigheiter, oppmøte på skule/jobb og kunne bu på hybel/leiligheit.
  • 2a-heimen er behjelpeleg med å følgje brukaren ut frå omsorgsbustaden til hybel/leiligheit, med god oppfølging og tilrettelagde tiltak så langt det trengst.

Intensjon med tiltaket:

  • Opptrening, prøving og avklaring av arbeidsevne. Brukarane må finne sin plass og kva dei ynskjer å jobba med. For nokon kan det vere meir ein avklaring av fysisk og sosial kapasitet.

For brukarane som ikkje er i stand til denne progresjon er likevel arbeidet og moglegheitene på garden viktige for å gjera kvardagen deira innhaldsrik. Opplevelsane av å t.d omgås dyr, ”å vera bruk for” og meistre er viktige faktorar for ein god kvardag!!