Velkommen

2a-heimen as held til på Hollekve gard i Sogndalsdalen, 10 km frå Sogndal. Garden er godkjent som »inn på tunet gard» og er nærmaste nabo til Sogndal skisenter i naturskjønne omgivnader.

På garden har vi hestar og andre rare dyr:) Eit mangfald av aktivitetar som bl.anna riding og dyrestell, verkstad med mekking og trearbeid, fysisk aktivitet i fin natur, eller ta ein tur til sentrum med alle aktivitetane som er der.

2a-heimen as vart etablert i 2012 av Tove Ølnes og Agna Hollekve. Vi har erfaring med forsterka barne og ungdomsbustad, tiltak i henhold til lov om helse og omsorg. Akuttplassering, avlastning i helgar og ferie, og ettervern innan barnevern. Dagtilbod innan psykiatri og psykisk utviklingshemming.

2a-heimen er ein flott arena til arbeidstrening og vi brukar garden som alternativ læringsarena og pedagogisk ressurs.

2a-heimen as gir eit heilskapleg og individuelt tilpassa tilbod til barn, unge og vaksne med tryggleik, omsorg og utvikling i fokus.

2a-heimen as har beredskap heile døgnet og kan bistå bufetat, barnevernet og kommuar ved akutte behov eller langsiktige behov i vår omsorgsbase på 2a-heimen.